Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Statistikk
Artikkelvisninger : 1084998
Besøkande
Me har 4 gjester her no
Pålogging




Avisutklipp

Vatnet frys i hyttene på Kvamskogen

http://www.ba.no/nyheter/article4797087.ece

Sist oppdatert (mandag 11. januar 2010 20:42)

 

Kva har Kvam gjort for oss? bt.no

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/&ndash%3B-Kva-har-Kvam-gjort-for-oss-934821.html?start=3 

Sist oppdatert (mandag 19. oktober 2009 15:44)

 

Saksutgreiing

Tok tre år å dela ut tunnelutgreiing
Publisert: 13.10.2009

Oddvar Brakestad har late vera å senda heradsstyret ei utgreiing av tunnel under Kvamskogen, sjølv om dokumentet var ferdig for fleire år sidan.
Foto: Sigbjørn Linga

Utgreiinga av tunnel under Kvamskogen var ferdig i desember 2006. Fyrst då rapporten vart etterlyst i ein interpellasjon til dagens heradsstyremøte, vart den endelege utgreiinga send frå Kvam bompengeselskap AS til Kvam herad, som sende dokumentet vidare til politikarane. Berre ein faktafeil er endra i rapporten sidan 2006. Det vart gjort fyrst førre veke.
Jon Nedkvitne i Kvam herad, som sat i ei arbeidsgruppe som skulle koma med innspel om rapporten, er nokså sikker på at han ikkje har fått den endelege utgåva av dokumentet før. Heller ikkje Harald Kjosås (KrF), som sat i eit politisk utval som skulle arbeida for tunnelprosjektet, kan hugsa å ha fått eller sett utgreiinga. Klaus Rasmussen i folkeaksjonen som kjempar for kraftline i Hardanger i kabel, seier at heller ikkje han har motteke dokumentet. Det same gjeld Lars R. Djupevåg, som tidlegare var styremedlem i bompengeselskapet.
Dagleg leiar i Kvam bompengeselskap AS, Oddvar Brakestad, vedgår i eit skriftleg svar til politikarane i dag at rapporten kunne vore send til heradsstyret, som tinga dokumentet, for lengst. Han hevdar samstundes at dokumentet har vore tilgjengeleg for dei som har arbeidd med saka. Dokumentet har ikkje vore tilgjengeleg på den kommunale heimesida.
– Rapportens innhald var nytta i diskusjonen og avgjerdsprosessen som galdt bompengesøknaden, skriv Brakestad til heradsstyret.
Han påpeikar at det ikkje er kome signal i perioden 2006–2009 som tilseier at det er enkelt å få prioritert eit prosjekt som krev 600–800 millionar kroner av riksvegramma i Hordaland.
– Den tidlegare tanken om ei snarleg sak frå rådmannen, med rapportane som vedlegg, har det ikkje vore grunnlag for, skriv Brakestad.
Han minner om at ansvaret for "lobbyarbeidet" med kvamskogtunnelen i eit formannskapsmøte i 2006 vart "overført" frå bompengeselskapet til eit politisk utval.
Saka vert teken opp i ein av fire interpellasjonar i dagens møte, som byrjar klokka 16 og er ope for alle.
 

Sist oppdatert (mandag 19. oktober 2009 15:44)

 

Naffen, nyheter

 

Vi er nå åpen alle dager.

Kl. 09 - 18

 

Sist oppdatert tirsdag 17. august 2010 19:06
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner